DAG OG TID


PODKAST

Somme historier fortener ein god samtale. Kvar veke snakkar vi om ein utvald artikkel frå avisa.

Lytt til episodane

Utvalde episodar til påska

13.1.2023

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?

 

9.12.2022

Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth

Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her.

Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»

4.11.2022

Banksvindel: Per Anders Todal fortel

Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).
Foto: Journalisten/Morgane Fauconnier
– Eg likar å spørje: Kva engasjerer deg med akkurat dette temaet? Korleis var det å snakke med denne kjelda? Og kva tenkjer du sjølv om saka? Eg likar at eg vert litt klokare og vert betre kjent med skribenten eller journalisten.
Gregor Falkner, marknadssjef og programleiar
– For meg er noko av det beste med å lese ei avis dei gode samtalane eg får etterpå. I kvar podkast-episode har vi høve til å ha ein slik samtale med ho eller han som skreiv artikkelen – og nokre gongar med ein gjest som kan mykje om temaet.
Sofie May Rånes, digital utviklar og programleiar

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.

Alle episodane

28.4.2023

Om USA, musikk og litteratur. Intervju med musikkmeldar Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er professor ved Universitetet i Bergen, forfattar og musikkmeldar i Dag og Tid. Han skriv for det meste om amerikansk musikk, eit land han også har budd i. I denne episoden fortel han om opphaldet i USA, den nyaste romanen si «Ei verd utan hestar» og rolla som musikkmeldar. Vågnes les også inn meldingane sine til lydavisa. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov

21.4.2023

DAG OG TID lydavis: Tønnemeisteren

Ikkje noko tek vare på edle ropar som gamalt treverk. Men føresetnaden er at nokon veit korleis det skal handsamast. Dag og Tid er med folk på jobb. I denne episoden får du høyre Siri Helle lese artikkelen om bøkkaren Arne-Jøran Øyen. Han lagar tønner til akkevittproduksjon. Fleire av artiklane om yrkesliv kan du lese på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

31.3.2023

Kva gjer teater med oss? Intervju med teatermeldar Bent Kvalvik

På kva måte har teateret endra seg dei siste tiåra? Bent Kvalvik har meldt teater i 30 år og er gjest hos oss denne veka.


Les teatermeldingane til Bent Kvalvik i DAG OG TID. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov

31.3.2023

Kva gjer teater med oss? Intervju med teatermeldar Bent Kvalvik

På kva måte har teateret endra seg dei siste tiåra? Bent Kvalvik har meldt teater i 30 år og er gjest hos oss denne veka. 

Les teatermeldingane til Bent Kvalvik i DAG OG TID. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov

24.3.2023

DAG OG TID lydavis: Geitene på Kvist

Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå. Argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter handlar ikkje særleg mykje om dyrevelferd, skriv veterinær Arve Nilsen. Høyr han lese spalta «Dyrisk».

Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov

Dyrisk – ein podkastserie frå DAG OG TID

Veterinær, forskar og skribent Arve Nilsen inviterer til ein samtale om dyr og dyrevelferd.

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.