DAG OG TID


PODKAST

Somme historier fortener ein god samtale. Kvar veke snakkar vi om ein utvald artikkel frå avisa.

Lytt til episodane

Utvalde episodar til påska

13.1.2023

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?

 

9.12.2022

Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth

Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her.

Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»

4.11.2022

Banksvindel: Per Anders Todal fortel

Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).
Foto: Journalisten/Morgane Fauconnier
– Eg likar å spørje: Kva engasjerer deg med akkurat dette temaet? Korleis var det å snakke med denne kjelda? Og kva tenkjer du sjølv om saka? Eg likar at eg vert litt klokare og vert betre kjent med skribenten eller journalisten.
Gregor Falkner, marknadssjef og programleiar
– For meg er noko av det beste med å lese ei avis dei gode samtalane eg får etterpå. I kvar podkast-episode har vi høve til å ha ein slik samtale med ho eller han som skreiv artikkelen – og nokre gongar med ein gjest som kan mykje om temaet.
Sofie May Rånes, digital utviklar og programleiar

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.

Alle episodane

17.3.2023

Kva er ein god bassist? Intervju med Ellen Brekken

Ellen Brekken er musikar og komponist. Ho fortel om korleis ho enda opp med å spele både tuba, elbass og kontrabass. Me diskuterer rikskonsertane og kva ho lærte etter eit semester i Cape Town. Kva er verdien av ein musikar - og ikkje minst, rolla til bassinstrumentet? Du får også høyre smakebitar på to av låtane frå plata Ambush. Bandet er A Tonic for the Troops. 

Brekken vart også intervjua i papirutgåva av DAG OG TID. Les intervjuet her. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Musikk frå Ambush av A Tonic for the Troops:
The Capitulation of Alexandria
1 Welgelegen Road


10.3.2023

Ida Gilbert: Tute med de ulver som er ute

Ida Gilbert er gjest denne veka. Ho er filosof, skribent og kommunikasjonsrådgivar. I 2020 gav ho ut boksingelen «Rekkeviddeangst» og er no aktuell med romanen «Tute med de ulver som er ute» på Flamme forlag. Romanen har fått gode tilbakemeldingar. I Dag og Tid skriv Oddmund Hagen at «Ida Gilbert skriv både poengtert og treffsikkert om keisarens nye klede, og ho har framfor alt sans for humor og situasjonskomikk». I romanen følger me Aslaug som arbeider som kommunikasjonsrådgivar i organisasjonen Framtid med Visjon før ho flyttar til bygda og byrjar som journalist i ei lokalavis. Og det er mykje humor i romanen både om by- og bygdefolket - og ulven.

3.3.2023

Mellom to kulturar: Susanne Hætta om besteforeldra sine i Siebe

Susanne Hætta, forfattar, fotograf og biletkunstar, spør kven ho er, gjennom tre portrett av besteforeldra og foreldra sine, samiske og norske. Ein oppvekst mellom to kulturar, sett gjennom eit hundreår. I denne episoden tek me utgangspunkt i første del i portrettserien. Hætta fortel om dei samiske besteforeldra sine som budde i Siebe. Me kjem også innom Fosen-saka. Les dei to første portretta på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov 

24.2.2023

Krigen i Ukraina: Halvor Tjønn om året som har gått

Det er gått eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Mykje har endra seg det siste året. Halvor Tjønn ser tilbake på året som har gått. Korleis har krigen endra Russland, og kva med oss, Europa? Vil det framleis vere krig om eitt år?  DAG OG TID skriv denne veka fleire artiklar om krigen i Ukraina. Les kommentaren til Halvor Tjønn her (abo). Alle artiklane våre finn du på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov

18.2.2023

Detaljene: intervju med Ia Genberg

Vinnaren av Augustprisen 2022, Ia Genberg, er gjest hos oss denne veka. Ho fortel om den nyaste boka si Detaljene som kom ut på norsk i år. 

Dyrisk – ein podkastserie frå DAG OG TID

Veterinær, forskar og skribent Arve Nilsen inviterer til ein samtale om dyr og dyrevelferd.

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.