Prøv ei nerdete, annleis, langsam, uredd og sær nynorskavis du òg!

Nerdete

I avisa vår finn du politikknerdar, økonominerdar, språknerdar, matnerdar, musikknerdar, filmnerdar og boknerdar. Den som skal skrive godt og innsiktsfullt, må kunne mykje og vere litt nerd.

Annleis

Vi har eit absolutt skilje mellom journalistikk og reklame. Vi har ikkje sagt opp korrekturlesarane våre. Og vi lagar ikkje klikksaker.

Langsam

DAG OG TID er ei vekeavis. Vi gjev deg ikkje kjappe nyhendesaker. Vi ønskjer å forklare og setje dagsaktuelle tema inn i eit større perspektiv.

Uredd

Vi tek opp vanskelege og kontroversielle tema på fritt grunnlag.

Sær

Vi har kanskje verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. Vi har skrive ein serie i ti delar om ein scootertur gjennom Sverige, og vi skriv om livet til kyrne Symra og Vårsøg på DAG OG TID-stølen.

Utanfor

Mange aviser tilhøyrer eit større konsern. Det gjer ikkje DAG OG TID. Konserna gjer avisene meir like kvarandre. DAG OG TID har 900 småeigarar, som aldri får utbetalt utbyte. Alt overskot går til å lage ei god avis.

...OG ALT SAMAN PÅ NYNORSK.
DAG OG TID er Noregs einaste riksavis på nynorsk.

Prøv 3 veker med
automatisk stopp

KOMPLETT

Papiravisa og heile den digitale verda vår.

Prøv gratis

DIGITAL

Lydavis, digitalt arkiv, artiklar på nettsida og digital utgåve av papiravisa.

Prøv gratis