DAG OG TID


PODKAST

Somme historier fortener ein god samtale. Kvar veke snakkar vi om ein utvald artikkel frå avisa.

Lytt til episodane

Utvalde episodar til påska

13.1.2023

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?

 

9.12.2022

Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth

Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her.

Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»

4.11.2022

Banksvindel: Per Anders Todal fortel

Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).
Foto: Journalisten/Morgane Fauconnier
– Eg likar å spørje: Kva engasjerer deg med akkurat dette temaet? Korleis var det å snakke med denne kjelda? Og kva tenkjer du sjølv om saka? Eg likar at eg vert litt klokare og vert betre kjent med skribenten eller journalisten.
Gregor Falkner, marknadssjef og programleiar
– For meg er noko av det beste med å lese ei avis dei gode samtalane eg får etterpå. I kvar podkast-episode har vi høve til å ha ein slik samtale med ho eller han som skreiv artikkelen – og nokre gongar med ein gjest som kan mykje om temaet.
Sofie May Rånes, digital utviklar og programleiar

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.

Alle episodane

24.3.2021

På tur gjennom Østerdalen. Håvard Rem fortel.

Kva er Østerdalen for noko, og finst det eit østerdalsk lynne? Håvard Rem reiser til stader som folk har høyrt om, men ikkje kjenner så godt til. 

17.3.2021

Problema står i kø i Arktis – Halvor Tjønn om Svalbard

Historia om Svalbard handlar om klimaendringar, motstridande geopolitiske interesser og enorme naturressursar på havbotnen. Øygruppa i nord vert regulert av ein 100 år gammel avtale som Noreg tolkar annleis enn til og med dei næraste partnarane våre. Er Svalbard på veg til å bli eit konfliktområde for verdas stormakter?

10.3.2021

Ottar Grepstad om den nye språklova

Kva er eigentleg ei språklov? Og er det berre i Noreg me har ei slik lov? Tidlegare har Stortinget vedteke språklover i 1930 og i 1980, og no, etter tre lovutkast på åtte år, skal ei ny språklov bli behandla i Stortinget. Nytt denne gongen er at urfolksspråk, minoritetsspråk og teiknspråk òg er med i lovteksten – i tillegg til nynorsk og bokmål. Nynorskmiljøet har sagt tydeleg frå om at lova svekker vilkåra for nynorskbrukarane. Ottar Grepstad er med som gjest. 

3.3.2021

Det er ti år sidan den arabiske våren. Korleis har det gått?

Ein grønsakshandlar brende seg sjølv til døde i protest mot styresmaktene i Tunisia i desember 2010. Dette var startskotet for opprør og revolusjonar som spreidde seg til fleire land i Midtausten og Nord-Afrika. Cecilie Hellestveit fortel om den arabiske våren, Egypt og rolla til Vesten.
24.2.2021

Jon Hustad om «oljepakken»: Skal oljeeventyret aldri ta slutt?

Då koronapandemien kom til Noreg i fjor, vedtok Stortinget «oljepakken». Han vil forlengje oljealderen på norsk sokkel og ser ut til skape rekordhøg aktivitet og inntening for staten. Held oljeprisen seg nokonlunde stabil, er vi snart attende på rekordnivået frå det tidlige 2000-tallet. Skal oljeeventyret aldri ta slutt?

Dyrisk – ein podkastserie frå DAG OG TID

Veterinær, forskar og skribent Arve Nilsen inviterer til ein samtale om dyr og dyrevelferd.

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.