DAG OG TID


PODKAST

Somme historier fortener ein god samtale. Kvar veke snakkar vi om ein utvald artikkel frå avisa.

Lytt til episodane

Utvalde episodar til påska

13.1.2023

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?

 

9.12.2022

Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth

Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her.

Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»

4.11.2022

Banksvindel: Per Anders Todal fortel

Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).
Foto: Journalisten/Morgane Fauconnier
– Eg likar å spørje: Kva engasjerer deg med akkurat dette temaet? Korleis var det å snakke med denne kjelda? Og kva tenkjer du sjølv om saka? Eg likar at eg vert litt klokare og vert betre kjent med skribenten eller journalisten.
Gregor Falkner, marknadssjef og programleiar
– For meg er noko av det beste med å lese ei avis dei gode samtalane eg får etterpå. I kvar podkast-episode har vi høve til å ha ein slik samtale med ho eller han som skreiv artikkelen – og nokre gongar med ein gjest som kan mykje om temaet.
Sofie May Rånes, digital utviklar og programleiar

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.

Alle episodane

29.9.2021

Lydartikkelen til podkasten: «Ein kort tur til helvete»

På torsdag kjem ein ny episode av Dag og Tid-podkasten. Ane Tusvik Bonde, seniorrådgjevar i organisasjonen Human Rights House Foundation, er med som gjest og snakkar om framsidesaka frå den siste utgåva – «Ein kort tur til helvete». Artikkelen er skriven av redaktøren i det kviterussiske tidsskriftet Nasja Niva, Andrej Dynko. Han skildrar livet i Okrestina-fengselet i Minsk.

Podkastepisoden kjem på torsdag, men allereie no kan du lytte til artikkelen som Dynko skreiv. Kvar veke les me inn utvalde artiklar frå avisa. Her får du ein smakebit på lydavisa vår!

23.9.2021

Valordning på fjell, myr og skog

I land med allmenn røysterett er det eit ideal at alle røyster skal telje like mykje, men slik er det ikkje i praksis. I Noreg kjempar idealet om lik røystevekt mot distriktsomsyn og styringseffektivitet. Her spelar arealfaktoren og sperregrensa viktige roller. Gjest denne veka er professor i rettsvitskap Eirik Holmøyvik. Han var medlem av vallovutvalet som i fjor leverte framlegg til ny vallov. Du kan lese NOU-en, «Frie og hemmelige valg – Ny valglov», her.

 

17.9.2021

Andreas Hompland om stortingsvalet

Korleis kjem den nye regjeringa til å sjå ut? Og kva er dei grunnleggande trendane i norsk politikk? Andreas Hompland er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka.

9.9.2021

Hilde Vesaas om det å melde bøker

Har bokmeldarar blitt for lite kritiske? Hilde Vesaas, barnebarn til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas – og bokmeldar i Dag og Tid, fortel om det å melde bøker. Kva gler ho seg til å lese i haust? 

2.9.2021

Kor lenge skal vi leite?

Striden om norsk leiteboring handlar om meir enn moral. Journalist Per Anders Todal og finansanalytikar Ole André Hagen snakkar om lønsemda i oljeleiting.

Dyrisk – ein podkastserie frå DAG OG TID

Veterinær, forskar og skribent Arve Nilsen inviterer til ein samtale om dyr og dyrevelferd.

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.