DAG OG TID


PODKAST

Somme historier fortener ein god samtale. Kvar veke snakkar vi om ein utvald artikkel frå avisa.

Lytt til episodane

Utvalde episodar til påska

13.1.2023

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?

 

9.12.2022

Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth

Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her.

Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»

4.11.2022

Banksvindel: Per Anders Todal fortel

Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).
Foto: Journalisten/Morgane Fauconnier
– Eg likar å spørje: Kva engasjerer deg med akkurat dette temaet? Korleis var det å snakke med denne kjelda? Og kva tenkjer du sjølv om saka? Eg likar at eg vert litt klokare og vert betre kjent med skribenten eller journalisten.
Gregor Falkner, marknadssjef og programleiar
– For meg er noko av det beste med å lese ei avis dei gode samtalane eg får etterpå. I kvar podkast-episode har vi høve til å ha ein slik samtale med ho eller han som skreiv artikkelen – og nokre gongar med ein gjest som kan mykje om temaet.
Sofie May Rånes, digital utviklar og programleiar

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.

Alle episodane

28.10.2021

Dramaet på Nordaust-Grønland

Historikar ved Norsk Polarinstitutt, Harald Dag Jølle, har vore på Grønland. Som kvalforskarassistent har han saman med forskarane Christian Lydersen og Kit Kovacs vore på jakt etter grønlandskvalen. I denne episoden fortel Jølle også om «Danmark»-ekspedisjonen frå 1906-1908 der Ludvig Mylius-Erichsen, Niels Peter Høeg Hagen og Jørgen Brønlund omkom. Kva er drivkreftene til dei som risikerer livet for å utforske nye område? 

«Dramaet på Nordaust-Grønland», reportasjen som stod på trykk i Dag og Tid 22. oktober, kan du lese her (for abonnentar).

21.10.2021

Korleis er det å ha eit barn med autisme? Olaug Nilssen fortel

Korleis er det å ha eit barn med autisme? Det har gjesten i Dag og Tid-podkasten denne veka - forfattar, dramatikar og skribent Olaug Nilssen snakka og skrive mykje om. I år fekk ho Fritt Ords Pris saman med forfattarane Jan Grue og Bjørn Hatterud.
14.10.2021

Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria

Tyrkia har okkupert fleire område i Nord-Syria dei siste åra, kva slags krig fører Tyrkia og kva er målet? Det skriv Erling Folkvord om i artikkelen «Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria» som stod på trykk i Dag og Tid 8. oktober.

Folkvord reiste til Nord-Syria i august og i denne episoden av Dag og Tid-podkasten fortel han om sine inntrykk frå reisa. Han gir oss òg eit overblikk over korleis situasjonen er i Nord-Syria no. Artikkelen kan du lese her (for abonnentar).

Den tyrkiske ambassaden har fått tilsendt artikkelen Folkvord skreiv etter reisa si. Svaret deira kan du høyre heilt til slutt i denne episoden.

7.10.2021

USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs

Cecilie Hellestveit er gjest i denne episoden av Dag og Tid-podkasten. Ho fortel om den amerikanske forsvarsstrategien og kvar den militære teknologiutviklinga er på veg. USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs. Kvar skal Noreg plassere seg når USA og Europa får ulike interesser i Midtausten?

Artikkelen "Enden på krigen utan ende?", som denne episoden tar utgangspunkt i, kan du lese her (for abonnentar). 

30.9.2021

Ei klappjakt mot journalistar

I den nyaste utgåva av DAG OG TID skildrar redaktør Andrej Dynko i tidsskriftet Nasja Niva livet i eit fengsel i Minsk. Ane Tusvik Bonde kjenner Dynko godt og kan mykje om situasjonen i Kviterussland. I DAG OG TID-podkasten denne veka seier ho at det føregår ei «klappjakt mot journalistar». 

Dyrisk – ein podkastserie frå DAG OG TID

Veterinær, forskar og skribent Arve Nilsen inviterer til ein samtale om dyr og dyrevelferd.

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.