DAG OG TID


PODKAST

Somme historier fortener ein god samtale. Kvar veke snakkar vi om ein utvald artikkel frå avisa.

Lytt til episodane

Utvalde episodar til påska

13.1.2023

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?

 

9.12.2022

Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth

Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her.

Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»

4.11.2022

Banksvindel: Per Anders Todal fortel

Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).
Foto: Journalisten/Morgane Fauconnier
– Eg likar å spørje: Kva engasjerer deg med akkurat dette temaet? Korleis var det å snakke med denne kjelda? Og kva tenkjer du sjølv om saka? Eg likar at eg vert litt klokare og vert betre kjent med skribenten eller journalisten.
Gregor Falkner, marknadssjef og programleiar
– For meg er noko av det beste med å lese ei avis dei gode samtalane eg får etterpå. I kvar podkast-episode har vi høve til å ha ein slik samtale med ho eller han som skreiv artikkelen – og nokre gongar med ein gjest som kan mykje om temaet.
Sofie May Rånes, digital utviklar og programleiar

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.

Alle episodane

1.9.2023

DAG OG TID lydavis: Det militante demokratiet vaknar i USA

Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump. Lytt til kommentaren «Det militante demokratiet vaknar i USA» i denne vekas podkastepisode.

Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du og prøve? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

26.8.2023

Melkøya og elektrifisering som klimatiltak

Regjeringa har bestemt at Equinor-anlegget Hammerfest LNG skal elektrifiserast frå land. Det vil kutte 850.000 tonn i årlege CO2-utslepp frå gassturbinane på øya. Kva ligg bak denne avgjerda og er det eit godt klimatiltak? Bård Lahn er gjest. Han har forska på norsk og internasjonal klimapolitikk, ressursforvaltning og oljepolitikk. Kva meiner han om elektrifisering som klimatiltak? Og kjem me til å nå klimamåla for 2030?
14.7.2023

DAG OG TID lydavis: Eit nytt Midtausten

Opp frå krigsruinane stig ein anna Midtausten enn det vi kjenner. Du skal denne veka få høyre ein kommentar av Cecilie Hellestveit. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du lytte til fleire? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

DAG OG TID podkasten tar sommarferie og er tilbake i august.

30.6.2023

Siri Helle om mat, praktisk arbeid og distriktspolitikk.

Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid, agronom, snikkar, forfattar og mykje meir. Har ho funne sitt ideelle liv? Og kan ein vere rastlaus og likevel slå seg ned med hus, mann og åker? I denne episoden blir du betre kjent med Siri. Me er innom tema som matproduksjon, praktisk arbeid og distriktspolitikk.

16.6.2023

DAG OG TID lydavis: Den som kviskrar på torget

Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringer, blir det ikkje noko fellesskap av semja, det blir borkarkrig, skriv Jan Inge Sørbø. Høyr heile kommentaren hans på lyd i podkastkanalen vår denne veka. Me les inn eit utval artiklar kvar veke, og er du nysgjerrig på lydavisa vår eller kva DAG OG TID skriv om, ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov

Dyrisk – ein podkastserie frå DAG OG TID

Veterinær, forskar og skribent Arve Nilsen inviterer til ein samtale om dyr og dyrevelferd.

Du kan òg lytte til podkasten i iTunes og Spotify eller i DAG OG TID-appen.