Somme historier fortener ein god samtale. Kvar veke snakkar vi om ein utvald artikkel frå avisa.
– Eg likar å spørje: Kva engasjerer deg med akkurat dette temaet? Korleis var det å snakke med denne kjelda? Og kva tenkjer du sjølv om saka? Eg likar at eg vert litt klokare og vert betre kjent med skribenten eller journalisten.
– For meg er noko av det beste med å lese ei avis dei gode samtalane eg får etterpå. I kvar podkast-episode har vi høve til å ha ein slik samtale med ho eller han som skreiv artikkelen – og nokre gongar med ein gjest som kan mykje om temaet.
Mellom 4. og 12. november skal Høgsterett handsama klimasaka. Miljøorganisasjonar og deira støttespelarar har tapt i to instansar, men vil dei likevel vinna i siste runde?
Det som står på spel er om tildelinga av nye petroleumskonsesjonar i Barentshavet er i strid med vernet om klima og miljø etter Grunnlova. I denne aka skal Høgsterett avgjera kort sterkt grunnlovsvernet for klima og miljø skal vera, korleis ein skal vurdera petroleumsutvinning sitt bidrag til global oppvarming, kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova i klimaspørsmål skal setja grenser for politikken.
Filosof David Vogt og jurist Jørn Øyrehagen Sunde vil saman følgja klimasaka. Kvar dag (unnateke 10.11) lagar dei ein podkastepisode om korleis saka utviklar seg i Høgsterett, og samtala med gjester om dei store spørsmåla rettssaka reiser.
Gjestane er politisk redaktør Eirin Eikefjord, klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Gunnar Skirbekk, jurist Marius Mikkel Kjølstad og statsvitar Erik Aarebrot.
Jurist
Filosof
30. oktober
Klimasaka
4. november
Hundreårets rettssak?
Gjest er politisk redaktør Eirin Eikefjord
5. november
Klimautfordringane
Gjest er klimaforskar Kikki Kleiven
6. november
Klimautfordringane og framtidige generasjonar
Gjest er filosof Gunnar Skirbekk
9. november
Klima og menneskerettane
Gjest er jurist Marius Mikkel Kjølstad
11. november
Klimastreik og sivil ulydnad
Gjest er statsvitar Erik Aarebrot
12. november
Kven vinn klimasaka?
Gjest er filosof Silje Langvatn